Når nokon døyr

Det er dei næraste pårørande som har ansvaret for gravferda. Eit gravferdsbyrå kan ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Ein kan òg velje å gjere det meste sjølv. Den (dei) pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ynskjer å gjera sjølve. Ta kontakt med oss om det er noko du vil spørja om.

Når nokon døyr

Kontakt med Kvam kyrkjekontor om gravferd (uavhengig av tru og livssyn)

Kvam kyrkjelege fellesråd forvaltar og har driftsansvar for alle gravplassane i Kvam kommune. Når nokon døyr og ein ønskjer gravferd i Kvam, kan pårørande sjølv ta kontakt med kyrkjekontoret i Kvam på telefon 41 40 00 35, for å avtale tidpunkt for gravferd. Dersom ein ikkje ynskjer å avtale dette sjølv, kan ein be gravferdsbyrået om å avtale gravferd etter dykkar ynskje.

Hovudreglar for tidspunkt for gravferd/bisetjing

Det kan gå 10 virkedagar, det vil seie 10 arbeidsdagar, frå nokon døyr til det må vera gravferd. Dersom det skulle vera vanskeleg å få gravferda innan 10 dagar, kan ein søkje skriftleg til kyrkjeverja i Kvam. I fylgje Gravferdslova §13, må det leggjast fram tungtvegande grunnar for at ein skal gå utover dei 10 virkedagane.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"